Viser innlegg med etiketten interiør. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten interiør. Vis alle innlegg

tirsdag 19. april 2011

sjenken!

Her ser du den ferdige sjenken.
Den vart ganske flott i turkis?

Så får vi sjå om den skal malast meir seinare.

søndag 10. april 2011

Sjenken så langt...

Eit lite bilete av sjenken slik den ser ut no.
Den vart veldig turkis,
på biletet her ser den meir lyseblå ut.
Eg har ikkje fått på beslaga enno,
og lurer på om eg skal ha på eit strøk til
med ein lysare turkisfarge.
Eg brukte vel ca. 1 dl maling til dette prosjektet,
strauk malinga på med ein heilt tørr, mjuk pensel.
Nokre plassar ser vi botnfargen gjennom malinga.

Dette biletet viser nesten korleis fargen vart.
Men sidan våren no er komen,
kan det passe godt med litt meir knallfargar inne også.
Vi får sjå kva eg bestemmer eg for.

lørdag 9. april 2011

I dag har eg haldt på med eit nytt prosjekt på stova.
Eg fekk ein gammal sjenk av ei på jobben,
og har mala og styrt litt med den i dag.

Her er beslaga som fylgde med,
det mangla eitt.
Eg har kjøpt ein glasknott på
Bella Blå til å ha på den siste døra.

Her står sjenken midt på stovegolvet,
og minstemann fann ut at den passa veldig
godt til hytte.
Mikke Mus fekk hybel i eine delen ser vi.
Ein flott sjenk, i ein grøn farge,
ikkje så lys som det ser ut på dette biletet.
No er den mala med Sens maling,
den tørka medan eg haldt på.
Eg må berre få vekk litt maling frå
glasa og spegelen, så er sjenken klar.
Inni har eg ikkje gjort noko enno,
eg får sjå om ideen min med tapet inni held seg.
Eg måtte til med litt ommøblering,
og tenkte å ta bilete av både sjenken og litt anna
i morgon i dagslys.

lørdag 6. november 2010

lampeskjermar av skinkelerret

Denne lampefoten kjøpte eg på Brandal,
når der var bruktbutikkutsal ei jul?
Eg har ikkje funne skjerm,
men no tok eg og sydde ein litt rufsete ein
av skinkelerret frå S&S.
Kanskje eg skal lage ein litt
sidare versjon?
Eg hadde eit "trekk" av mørkegrå lin på denne.
Den heng på vaskeromet.
Einaste problemet var at det vart så mørkt
at vi like gjerne kunne la vere å ha lampe.
Så eg sydde dette i same skinkelerreten.
No vart det iallfall lys der inne.
Skjelettet hang i huset då vi kjøpte det,
men det var eit oransj stoff på det.
Eigentleg kult,
men litt oppbrukt.

fredag 5. november 2010


Dette gamle bildet kjøpte eg på Vestkanttorget.

Det var utrulig varmt den dagen.

Etterpå var vi på Shabby, og

mamma fann seg Tolix-stolar.

Men vi forsto ikkje korleis vi skulle

få med oss alt.

Hadde taxi vore ein ide?

Ja, sikkert. Men det kom vi ikkje på då ...

Vi skuldar sjølsagt på varmen!



torsdag 4. november 2010

Litt nytt og litt gamalt

Lampen og nattbordet står på minstemann sitt rom.
Lampen har eg kjøpt på Farmor Ingvarda,
og nattbordet laga bestefaren min
til mora mi når ho var lita.


Eg måtte male det,
og enda sjølsagt opp med lyseblått.

onsdag 3. november 2010

Fleire flotte favorittar..

Eg er så heldig at eg har fått ein flott gamal trestige.
Fantastiske detaljar!

Den er full av malingsflekkar,
og kjem frå ein nedlagd skule.

Jenta mi har den som midlertidig
stige opp til hemsen, men
no vert den snart ledig.
Eg skulle gjerne hatt eit høgt rom
der eg kunne klatre opp og ned på denne!




mandag 1. november 2010

ferdig nattbordslampe!

Ein av nattbordslampane er heilt ferdig,
den andre har ikkje fått støpselet sitt enno.
Som du ser av biletet, vart ikkje finishen heilt strøken.
Det var nok ikkje utstyret,
men meg.
Likevel vart eg godt nøgd,
og synest resultatet vart flott!
Mannen min sa eg måtte legge ut bilete her,
slik han fekk sjå korleis dei såg ut når dei vart ferdige.
-Vel, her ser du!
Lampane kjøpte eg for 30 kr stykket,
på bruktbutikken i Fosnavåg.
Bengalack (kan legge inn NCS-kode seinare)
og rund interiørpensel fekk eg tak i hjå
Herøy malarservice.

søndag 31. oktober 2010

nokre favorittmøblar og andre fine ting ...

Denne kontorstolen er eg veldig glad i.
Sete og rygg er i ein nydelig lyseblå farge,
medan resten er i ein gulaktig kvit.
Eg fekk tak i den på loftet til ein skule der eg
jobba for nokre år sidan.


Denne nydelig brevpressa,
kjøpte eg hos Elsa K for ei stund sidan.


Og denne fann eg hjå Trankokeriet antikk i Moloveien i Ålesund.

Bordplata er deilig sliten.

Her ser vi litt meir av bordet.
Dette fekk eg frå ei venninne som ikkje
hadde plass til det lenger.
Heldiggrisen meg !!


Fekk ikkje heilt fram rette blåfargen i dette lyset.


Ein deilig arbeidsplass som grunna plassmangel,
akkurat no held til på soverommet mitt.


søndag 24. oktober 2010

heimelaga kjøkenbenk

Vi fann ingen benk som var smal nok,
så eg og mannen min laga ein sjølve.
Under har vi bokser
til plast og papir ( frå Blomster og Gaver),
posar og korgar til diverse oppbevaring;
tørkerull, filler og tome plastposar, blant anna.
Oppå set vi frå oss ting så lenge-
men elles har vi brødboksa, tørkerull, bordskånarar og ymse der.
Til høgre ser du så vidt det gamle vindauget vi har sett
inn mellom kjøkenet og gangen.

lørdag 23. oktober 2010

matboksa mi og andre bruktfunn

Dette fatet fann eg i nettbutikken ElsaK brukt og antik.
Det er veldig gamalt og lekkert,
men det kjem kanskje ikkje godt nok fram på biletet.
¤
Den svarte boksa kjøpte eg på loppemarknad i Gjerdsvika,
medan eg fann den engelske kakeforma

I boksa har eg noko av sysakene mine,
og kakeforma set eg ofte telys i.
¤

Denne har eg kjøpt på Vestkanttorget,
dit må eg kvar gong eg er i Oslo.


Er den ikkje fin vel?

¤


fredag 22. oktober 2010

trekk til puff

Dette er same stoff som på baksida av puta
eg synte fram for nokre dagar sidan.
Stødig velour i ein gylden, brun farge.
Puffen er litt slitt under trekket,
men utanpå ser den "ny" ut..