Viser innlegg med etiketten diverse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten diverse. Vis alle innlegg

fredag 4. november 2011

Snart jul ...

Wilhelmine har ein spennande give-away, sjekk ut bloggen hennar!
Eg har nettopp lagt meg til som følgjar, sjøl om eg har vore innom bloggen hennar ein del før ...
Mykje kjekt, og inspirasjon frå ein Dublintur, som eg og håper å få til ein gong!
Elles så har vi sidan sist gjort litt klart til to julemarknader vi skal vere med på.
Den fyrste er i morgon på Moltu grendehus, og neste gong
er fyrste helga i advent,
då vert vi å finne på Grendehuset i Bø.

tirsdag 9. august 2011

Hei hei!

Ja, eg er her framleis.
Har berre hatt fullt opp med arbeid
i mai og juni.
I juli har vi hatt ferie (les: jobba i og rundt huset).
Og i august har eg vore sosial.
Men no har eg kome meg i gong med
produksjonen !
To kjolar og to genserar er
nesten ferdige i dag.
Men eg har ikkje bilete enno,
eg har ikkje hatt med kamera i dag.
På laurdag skal eg vere med på
Kvalsvikdagen, og det gler eg meg veldig til.
Må berre sy litt til no :)

onsdag 13. april 2011

Dei ferdige kostyma

Dette biletet lånte eg frå

Pedit-sida til Einedalen skule.

Her ser vi iallfall litt av kostymene eg laga.

Vesten og jakka har eg sydd,

resten er "ferdiglaga" klede.

I bakgrunnen ser vi to av dei flotte

veggane som Anne-Ma Solheim laga.

mandag 4. april 2011

premien min

Endelig!
Kjem bilete av den flotte almanakken eg vann hos Hanne.
Det tok ikkje lang tid frå eg bestilte den til eg fekk den i posten.
Eg bestemte at denne skulle eg bruke til mine litt meir
"kunstneriske" aktivitetar, så difor fekk eg trykt på
bloggnamnet mitt også.
At den vart lyseblå kjem nok ikkje som noko sjokk
for dei som kjenner meg :)
Inni kunne ein legge til mange ulike bokser.
Eg har då satsa på kreative idear og trening, hahaha.
Almanakken vart iallfall kjempeflott,
og den er allereie fylt opp med litt timar, idear og treningar.
Så får vi sjå om noko av det syner igjen her!
Ha ei flott veke alle saman, det skal iallfall eg!

søndag 3. april 2011

Endelig tilbake ...

Lenge sidan siste innlegg av meg her inne,
og det er det mange grunnar til.
Men no er eg tilbake her, og håper på å
oppdatere bloggen med bilete av noko av det eg har
gjort sidan sist.
Desse nydelige rosene fekk eg på fredag,
etter premiera på Guri Aasen si forteljeframsyning
"Fiskarkona og døtrene hennar".
Eg har vore så heldig at eg fekk vere med på denne produksjonen.
Eg sto for kostymene.
Sjølvsagt har eg ikkje greidd å ta bilete av det eg laga,
men det kjem seinare. Her er iallfall rosene eg fekk, tusen takk!

fredag 29. oktober 2010

oppdrag..

I dag har eg vore på bruktbutikk i Fosnavåg.
På oppdrag, tenk!!
Her er noko av det eg fann.
Lampen til høgre skal etterkvart henge over spisebordet,
og dei to plastlampane endar kanskje opp på soverommet.
Eg har handla bengalack og pensel idag,
i morgon treng eg jorda støpsel, stoff og kvit eller grå spraymaling.
Eg er litt spent på resultatet av malinga, for eg har ikkje
mala mykje med bengalack før..
I morgon skal eg male andre strøk, og så får vi sjå kor langt eg kjem med meg resten..
Det var veldig kjekt å gjere noko heilt anna i dag, så i ettermiddag
tok eg endelig tak i eine roterommet og byrja på ryddinga.
Desse tinga kjem snart i ei avis nær deg, og då får du også lese om
kva oppdraget mitt gjekk ut på...

søndag 3. oktober 2010

På tide med nytt fotoapparat..


Hadde vore stilig med eit slikt eit, men eg har bestilt meg eit nytt, veldig lite og enkelt fotoapparat, etter å ha gitt opp å få ordna det gamle. Ikkje vil mobilen hjelpe meg å sende dårlige bilde til bloggen heller, så no var det på tide. Har laga både klede og interiør som eg ikkje har fått lagt ut bilete av, men no vert det nok litt oftare oppdateringar her snart :)

lørdag 21. august 2010

Maritime dagar i Gjerdsvika

Her er eg i Gjerdsvika i dag. Skapet på biletet er også til sals!
Litt sal har det vorte, og mykje folk har vore innom.
Har sydd ein kjole + nokre hjerter i dag, og snakka med mange trivelige folk.
Biletet har eg lånt med Hanne (HeiltA4), og det er også hennar sitt skap.
Fleire bilete på Hanne sin blogg!

torsdag 19. august 2010

I helga skal eg vere med på dei maritime dagane i Gjerdsvika. Kjem det like mykje folk som i Kvalsvika, skal tru? Er ikkje heilt klar enno, men har no litt nytt sidan sist:)

mandag 9. august 2010

Nokre bilete frå Kvalsvikdagen






Jenta mi og ei niese tok flotte mobilbilete for meg!

fredag 6. august 2010

I morgon skal eg vere med på Kvalsvikdagen. Dette vart bestemt i siste liten, så det har vorte litt hektisk på systova denne veka! Kameraet mitt har teke ferie, så eg har ikkje bilete enda, men skal få ta i kveld når eg har laga til "standen". Har laga eit kjolemønster til vaksne som eg synest ser ganske lovandes ut, og så har eg med litt barneklede og nokre uroer. Vert spennande i morgon, mykje som skjer i Kvalsvika då, mellom 12 og 18!

onsdag 9. juni 2010

Hjerta mine finn du no hos Bella Blå..


I den kjempeflotte butikken Bella Blå i Fosnavåg, kan du no finne hjerta mine. Desse bileta henta eg frå Facebook-sida til Bella Blå.

mandag 31. mai 2010

hjerter..


Eg har sydd fleire hjerter. Her er nokre av dei.

Giveaway hos Vimsegumman..

Her bloggar Vimsegumman, og her er nettbutikken hennar. Har ikkje handla der enno, men det vert nok snart:)

fredag 30. april 2010

namnelappar!


Endeleg har eg knøda meg til å bestille meg namnelappar frå Mina namnband. Tok minste pakken, men må nok bestille fleire for dei vart fine! No er det på tide å få merka det eg produserar..

lørdag 17. april 2010



Ei lita gåve til Bella Blå, ein kjempeflott butikk i Fosnavåg.

torsdag 8. april 2010




meir detaljar kjem seinare:)

fredag 1. januar 2010

mannemann...


....eller panneband som enkelte vil kalle det.
Fleece frå S&S, framgangsmåte frå Sykroken v/Ohelene.




tirsdag 14. april 2009

syalong

I dag er eg med på ein syalong inne på Sykroken. Her har eg klipt ut det eg skal lage.



fredag 20. mars 2009

resirkulert dongeribukse og ny hue til minstemann


Buksa er av avklipte buksebein, lua er eit rektangel med ei applikert løve og ribb. Støvblå stretch chenille og oransj ribb frå Stoff og stil, applikasjon klipt av ein gamal genser.