Viser innlegg med etiketten genser. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten genser. Vis alle innlegg

søndag 27. mai 2012

Til ein liten prins

I Grønmyr barnehage Myklebust hadde dei prins- og prinsessefest på fredag,
 for kronprinsfamilia var på fylkesbesøk. 
Eg fekk ei bestilling på ein dress til ein liten prins, 
som gjerne kunne brukast også etter feiringa var over. 
Velour frå Ohlsons tyger i Karlstad, froskestoffet veit eg ikkje, eg fekk det i ein pakke eg kjøpte. 
Eige mønster. Eg skal få actionbilete av dressen i bruk seinare.


lørdag 9. oktober 2010

veloursett

Har sydd bukse, genser og hue til minstemann.
Buksa var akkurat i vaskemaskina.
Eige mønster, og velourog ribb frå S&S.
Han vil ikkje vere med på bilete for tida,
men skal prøve å få til actionbilete seinare.

fredag 11. juni 2010

soppgenser

Økologisk soppjersey og ribb frå S&S.
Eige mønster. Synest den vart lang i rygg og ermar så eg klipte litt av, jaja, den er iallfall passelig ei lita stund. Stikningar rundt hals og nede etter eg sydde på ribben gjorde at den såg meir forseggjord ut, synest eg.

torsdag 8. april 2010

restegenser




Restegenser til jenta mi, eige mønster og alle stoff frå S&S.

torsdag 25. februar 2010

jenta mi i eigendesigna sett


Skjørtet er skystoff frå JNYdesign og lys rosa ribb frå S&S.
Klipt på frihand i ein slags ballongeffekt.
Genseren er i raud isoli og ribb frå S&S. Elefantstoff som for i hetta, også frå S&S.
Utgangspunktet eit anorakkmønster i str 2 år, og kombinert med lang ribb i midje og arm.
Ho var veldig fornøgd, og er klar for meir saum i dag. Vi har vinterferie i "nyelokalet" medan minstemann er i barnehagen, og dei eldste søv..



torsdag 18. februar 2010

skygenser

Har sydd ein genser til minstemann i deilig skystoff frå JNYdesign. Eige mønster.

fredag 1. januar 2010

fleecedress

Denne laga eg til minstemann, den har litt hals og er sidare bak enn framme. Smale bein og raglanermar slik at den skal vere god under dress også. Denne er godt brukt, men synest fleecen frå S&S held seg ganske godt. Ribb frå same stad. Eigenlaga mønster.