Viser innlegg med etiketten inspirasjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten inspirasjon. Vis alle innlegg

mandag 22. august 2011

Bilete frå Gjerdsvika


Her er bilete frå maritime dagar i Gjerdsvika i helga.
Carmen har vore fotograf her også !

søndag 21. august 2011

Bilete fra Kvalsvikdagen


Her er nokre bilete frå korleis vi hadde det i nauset
i Kvalsvika forrige helg.
Bileta har eg lånt med Carmen.

fredag 8. april 2011

meir inspirasjon til kulisser


Ei flott teikning frå eventyret om Gullhår og dei tre bjørnane.
Versjonen vi skal lage vert nok noko annleis.

Dette skal visst vere brua der eventyret om
dei tre bukkane bruse vart til.
Nydelig bru.
Litt annleis enn denne vert det nok, ja!

Desse figuane er godt kjende for dei fleste.
Vi har laga ei light-utgåve av tennene til Jens.
Tilsaman trur eg nok det skal verte veldig bra...

torsdag 7. april 2011

dette held eg på med no

Saman med nokre av elevane mine frå kulturskulen,
held eg på å lage litt kulisser for dramagruppa.
Denne festlige karen er inspirasjon til
noko av det vi har gjort.
Eg skal ta bilete når vi får alt på plass,
foreløpig er mykje berre papir, tråd og stoffbitar.
Kjekt å få slike oppdrag!

mandag 4. april 2011

premien min

Endelig!
Kjem bilete av den flotte almanakken eg vann hos Hanne.
Det tok ikkje lang tid frå eg bestilte den til eg fekk den i posten.
Eg bestemte at denne skulle eg bruke til mine litt meir
"kunstneriske" aktivitetar, så difor fekk eg trykt på
bloggnamnet mitt også.
At den vart lyseblå kjem nok ikkje som noko sjokk
for dei som kjenner meg :)
Inni kunne ein legge til mange ulike bokser.
Eg har då satsa på kreative idear og trening, hahaha.
Almanakken vart iallfall kjempeflott,
og den er allereie fylt opp med litt timar, idear og treningar.
Så får vi sjå om noko av det syner igjen her!
Ha ei flott veke alle saman, det skal iallfall eg!

søndag 3. april 2011

Endelig tilbake ...

Lenge sidan siste innlegg av meg her inne,
og det er det mange grunnar til.
Men no er eg tilbake her, og håper på å
oppdatere bloggen med bilete av noko av det eg har
gjort sidan sist.
Desse nydelige rosene fekk eg på fredag,
etter premiera på Guri Aasen si forteljeframsyning
"Fiskarkona og døtrene hennar".
Eg har vore så heldig at eg fekk vere med på denne produksjonen.
Eg sto for kostymene.
Sjølvsagt har eg ikkje greidd å ta bilete av det eg laga,
men det kjem seinare. Her er iallfall rosene eg fekk, tusen takk!

søndag 16. januar 2011

eg vann!




Hanne har hatt giveaway på bloggen sin, og eg vann!
Kjempekjekt!
Gler meg til å få meg almanakk.
Om eg greier å bestemme meg..
Skal snart ha giveaway sjølv,
skal berre verte ferdig med runda med
oppkast/ diare/ halsvondt/ feber
som no har gått i eitt sidan lisjejulafta.
Ja, eg er ikkje sjuk, men mine søte små og litt større
vekslar på å vere meir eller mindre reduserte.
Vert uansett sikkert lettare å planlegge slikt
når eg får ny almanakk :)

onsdag 8. desember 2010

om julestrømper


Mette, med den trivelige bloggen Fjellro-sa
har eit kjempefint innlegg om julestrømpene mine..
Synest eg. Men eg er vel ikkje heilt objektiv då :)

lørdag 4. desember 2010

nokre bilete frå minijulemarknaden vår..


Jenta mi var med som aktiv assistent idag.
Ho skulle også ta bilete, og her er to av dei.
Som du ser har ho ikkje teke så mykje bilete av
tinga vi hadde med, så eg håper Hanne har
nokre bilete eg kan låne ...
Vi hadde godt med besøk idag, så
det vart ein trivelig førjulsettermiddag
med gløgg og pepperkaker.
Både sal og bestillingar vart det også,
så eg er veldig godt nøgd:)
Dette må vi gjere fleire gongar!

tirsdag 30. november 2010

give away


Bloggen Bare Wunderbaum har give away. Eg har fylgt den ei lita stund og finn mange gode idear her. Prøv du også :)

lørdag 23. oktober 2010

matboksa mi og andre bruktfunn

Dette fatet fann eg i nettbutikken ElsaK brukt og antik.
Det er veldig gamalt og lekkert,
men det kjem kanskje ikkje godt nok fram på biletet.
¤
Den svarte boksa kjøpte eg på loppemarknad i Gjerdsvika,
medan eg fann den engelske kakeforma

I boksa har eg noko av sysakene mine,
og kakeforma set eg ofte telys i.
¤

Denne har eg kjøpt på Vestkanttorget,
dit må eg kvar gong eg er i Oslo.


Er den ikkje fin vel?

¤


søndag 17. oktober 2010

fleire stoff..











Litt meir frå stoffsamlinga mi.
Skal sy nokre putetrekk i kveld,
vert nok mest i blått og brunt.
Det er både gamle og nye stoff,
gardiner og dukar.

lørdag 16. oktober 2010

genser frå Katvig

Eg har vore på jobb på Bella Blå,
og denne vart med heim.
Eg greidde ikkje å få skikkelig bilete av
fargane, men du kan ta deg ein tur og sjå sjølv.
Eg snoka i kassene som stod på bakrommet,
men den kjem nok i hyllene snart..

"nye" stoff

Iallfall for meg..
Desse har eg kjøpt med ei inne på Sykroken.
Det nederste er eit vintage frottestoff,
så oransj og lime jersey flodheststoff,
og øverst rosa og lilla frotte.
Eg kjøpte nokre stoff til, men
det vart ikkje så lett å fotografere dei
no når det var mørkt.
Eg veit ikkje heilt kva eg skal sy av desse enno,
men sei ifrå om du får ein god ide :)

lørdag 9. oktober 2010

Bella Blå


Tok nokre bilete på Bella Blå i går,
for å syne Hogne desse flotte skapa.
Hadde ikkje desse passa godt heime med oss?
Og elles er det mykje flott å finne der..

onsdag 9. juni 2010

Hjerta mine finn du no hos Bella Blå..


I den kjempeflotte butikken Bella Blå i Fosnavåg, kan du no finne hjerta mine. Desse bileta henta eg frå Facebook-sida til Bella Blå.

mandag 29. mars 2010

påskeegg

I går hadde vi påskeverkstad i lokalet mitt. Vi var 6 stk mellom 5 og 62 år og vi hadde det veldig kjekt. Vi rakk ikkje å ta bilete medan vi haldt på, men her er iallfall nokre bilete av dei ferdige produkta.

påskeegg
















torsdag 18. februar 2010

Fyrste saumsamling i nyelokalet




Jenta mi og ei venninne var dei fyrste som var på "saumsamling" med meg.
Ein ettermiddag var dei der og laga kvar si pute med flotte applikasjonar.
Beklagar biletkvaliteten, kameraet var innstilt på nattfunksjon..

"før" bilete av lokalet mitt




Her er bileta av lokalet eg har leigd meg.
30 kvm til å utfalde meg kreativt..
Har ikkje brukt energien min på å lage til så mykje enno, har vore berre sying når eg har vore der. Men har litt planar, og skal gjere litt etterkvart.