Fargen på kjolen er limegrøn, vi skal ta eit bilete i dagslys for å sjå om den då kjem betre fram.
Chenille frå S&S, nokre restar til applikasjon. Skråbandet fekk eg då ein butikk slutta med stoff og tilbehør for ein del år sidan. Eige mønster, dvs klipt på frihand.
lørdag 28. august 2010
Babykjole i rosa ullfilt, som eldstemann har bestilt i dåpsgåve.
Brukte same mønster som tunikaen, men syntest den vart litt kort til kjole så eg sydde på ei kappe med blondekant. Då vart den for sid, så eg sydde eit brettelegg på kappa og no er den passe. Stoff er vintage sengesett, ein bit stretchjersey frå S&S, og blonda frå gamletantene mine.
Dette er kjolen eg nesten er ferdig med til sommarkolleksjonen. Manglar kanting i erm og nede. Same stoff som haremsbuksa og toppen til same kolleksjon.
Denne kjolen er ein av tre eg laga i går. Den er i turkis ullfilt og ein bit av eit gardinstoff. Dette er ein ny modell eg held på å finne ut av. Denne kjolen er til ein tanteunge.