fredag 17. februar 2012
Ny inspirasjon. Denne gongen vert det gjennomført!! Håpar eg :)
Jaha. Ingen klede sydde av dei innkjøpte stoffa. Enda iallfall. Men derimot har vi hatt ein haug med sjukdom (sånn som går over etterkvart) sidan sist. Og meir jobb. Og nokre vikartimar i tillegg. Men no er det vinterferie, og eg har eit par "oppdrag". Eg skriv det i hermeteikn, for kan det kallast oppdrag når ein insisterar på å få gjere det? Men eg får iallfall vere kreativ, og det er kjekt. Så får eg håpe resultatet vert bra. Eg skal ta før og etter bilete denne gongen, det har eg ikkje gjort så ofte før. Men no vil eg gjerne sjå at det faktisk vert annleis. Litt idear kan eg kanskje legge fram her, så ser eg etterpå om det var noko av dette som faktisk vart gjort??? Må leggast til at budsjettet tilseier at eg ikkje har råd til meir enn fargekopiBILETE av det som er på inspirasjonsbileta over .....
fredag 18. november 2011
Førjulsstemning i Fosnavåg ....
Desse bileta har eg fått låne frå Mette med bloggen Fjellromantikk.
I går starta nemlig Bella Blå opp førjulstida
med ope loft og skikkelig god stemning.
Vi hadde også besøk av Ingunn med sine steingode steinomnsbakte brød og kanelsnurrar.
Fleire bilete finn du på Bella Blå si facebookside, og på bloggen Fjellromantikk.
Desse julestrømpene er til sals
saman med nokre linfarga og nokre kvite, dei kostar 220 kr stk,
og neste fredag vert det ny førjulskveld
for dei som vil kome for å sjå eller handle litt.
søndag 6. november 2011
Julestoff ...




Eg har bestilt meg litt stoff frå Stoff og stil, for eg skal sy meg klede til jul, hadde eg tenkt.
Eg veit ikkje heilt kva det skal verte enno, men har tenkt skjørt, topp og jakke så langt.
Abonner på:
Innlegg (Atom)











