Viser innlegg med etiketten bukser. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bukser. Vis alle innlegg

søndag 27. mai 2012

Til ein liten prins

I Grønmyr barnehage Myklebust hadde dei prins- og prinsessefest på fredag,
 for kronprinsfamilia var på fylkesbesøk. 
Eg fekk ei bestilling på ein dress til ein liten prins, 
som gjerne kunne brukast også etter feiringa var over. 
Velour frå Ohlsons tyger i Karlstad, froskestoffet veit eg ikkje, eg fekk det i ein pakke eg kjøpte. 
Eige mønster. Eg skal få actionbilete av dressen i bruk seinare.


mandag 25. april 2011

bukse til minstemann

I dag har eg endelig sydd litt.
Denne buksa har berre venta på ribb oppe og nede i lengre tid.

Cordfløyel og uglestoff frå Stof2000 og ribb frå S&S.
Eige mønster, men ikkje heilt fornøgd med buksemodellen enno.
Lommene derimot synest eg no at eg får til!
Og minstemann vart fornøgd,
for han kunne putte noko i lommene :)

fredag 3. desember 2010

prøvekjole

Ein ny kjolemodell under utprøving.
Eige mønster, stoff frå S&S i kjolen.
Buksa er redesign.
Vert med uti Ura i morgon.

fredag 11. juni 2010

chenillebukse med lommer

Stretch-chenille i nydelig blåfarge frå S&S. Denim skråband frå mi arva samling.
Utgangspunkt i buksemønster frå ei bok frå 90-talet, lommer klipt på frihand.
Tusen takk, sa minstemann.

torsdag 27. mai 2010

linbukse



Linbukse med utgangspunkt i eit joggebuksemønster. Lommer klipt på frihand og kanta med skråband. Strikk oppe og nede, men den i midja vart for vid :) så den må eg korte inn før bruk.. Linen er ei gåve frå lisjesystå..

lørdag 1. mai 2010

lindress




Denne vart også sydd til jul.
Ganske vanskeleg stoff å sy i, men minstemann er søt uansett..
Bukse eige mønster, topp ganske bearbeidd mønster frå ei sybok frå 90-talet som eg ikkje huskar namnet på akkurat no..
Igjen eit ustroke uttrykk, vi seier at det var tenkt slik!


torsdag 29. april 2010

selebukse



Selebukse 2-3år i grøn isoli og elefantstoff frå S&S.
Elefantane på ribben nede var eg veldig innstilt på å få "rette vegen",
men plutselig slutta eg å tenke medan eg sydde dei på..
Jaja, og lommene vart litt langt nede.

torsdag 8. april 2010

kaninkosebukse


Denne er ca.10 år, eige mønster og stoff frå JNY-design.
Laga i februar, godt brukt.

mandag 4. januar 2010

bukse

Bukse til minstemann. Den vart iallfall stor nok, så eg lurer på å gjere om til linning med strikk.
Stoff frå JNYdesign, bearbeidd buksemønster frå "Sy barneklær". Må bearbeidast meir...

fredag 1. januar 2010

fleecedress

Denne laga eg til minstemann, den har litt hals og er sidare bak enn framme. Smale bein og raglanermar slik at den skal vere god under dress også. Denne er godt brukt, men synest fleecen frå S&S held seg ganske godt. Ribb frå same stad. Eigenlaga mønster.

fredag 18. september 2009

redesign av bukse II



Denne er også utklipt av ei gammal bukse. Ribb oppe og nede.
Strykebiletet er av ein av figurane eg hadde som vognpynt på dukkevogna mi.





redesign av bukse


Denne har eg klipt ut av mannen si gamle dongeri.
Sette grå ribb i oppe, og strikk nede.



barnehageklede


To sett med barnehageklede til minstemann.
Jersey og chenillle frå S&S.
Eige mønster.

onsdag 1. juli 2009

redesign til minstemann





Utgangspunktet var ei "oppbrukt" bukse og ein topp. Eg brukte nedste del av buksebeina, heile vidda. La på ei buksemønster for å få til passform i skritt. Ribben klipte eg av toppen. Laga ei lomme og to knebøter, då hadde eg ikkje meir stoff. Dvs. eg har øvste delen som skal verte ei kort ballongbukse, og motivet på toppen ligg i ei samlekasse til eit lappeteppe.

tirsdag 14. april 2009







Her er bilete av det eg laga. Bukse og hue til jenta mi i grå chenille og diverse jersey frå Stoff og stil. Buksa skulle ha eit hjerte bak og på hua skulle det vere ein katt. Så måtte lisjebror også få ei hue. Men den vart ikkje ferdigsydd før no i førmiddag.. Buksa kunne kanskje vere enno kortare i livet, men den var veldig god på sa ho, og det var viktigast i dag.









torsdag 9. april 2009

haremsbukse

Dette er ei haremsbukse som eg også har laga til sommarkolleksjonen min . Brukte ikkje mønster, tok litt mål og bretta stoffet firdobbelt og klipte. Rynka i midja og i beina før eg sydde saman på overlocken, men tråkla med vanlig symaskin fyrst. Stoffet er petrol viscosejersey frå Stoff og stil.



fredag 20. mars 2009

resirkulert dongeribukse og ny hue til minstemann


Buksa er av avklipte buksebein, lua er eit rektangel med ei applikert løve og ribb. Støvblå stretch chenille og oransj ribb frå Stoff og stil, applikasjon klipt av ein gamal genser.


pyjamas og danseklede

Dette sydde eg til jenta mi etter klare instruksar. Ho skal bruke det på ei danseframsyning. Heimelaga mønster.



fredag 19. september 2008




Selebukse til minstemann.


Lyseblå lin.






søndag 6. juli 2008

prøvebukse 3


Ei rosa knebukse til jenta mi. Det vart ikkje heilt beine legg i midja, men vi får sjå korleis den vert når ho får prøvt den på..