mandag 1. november 2010

ferdig nattbordslampe!

Ein av nattbordslampane er heilt ferdig,
den andre har ikkje fått støpselet sitt enno.
Som du ser av biletet, vart ikkje finishen heilt strøken.
Det var nok ikkje utstyret,
men meg.
Likevel vart eg godt nøgd,
og synest resultatet vart flott!
Mannen min sa eg måtte legge ut bilete her,
slik han fekk sjå korleis dei såg ut når dei vart ferdige.
-Vel, her ser du!
Lampane kjøpte eg for 30 kr stykket,
på bruktbutikken i Fosnavåg.
Bengalack (kan legge inn NCS-kode seinare)
og rund interiørpensel fekk eg tak i hjå
Herøy malarservice.

1 kommentar:

HeiltA4 sa...

Nice!!! (les: neheheheeeeeeeeeeeeeeeeeis) :D Utruleg flotte!!!

Og så koseleg arbeidskroken din blei! Kjenner meg litt misunneleg ;) Skal nok få ut dette skatollet å få inn kjøkkenbordet til bestemor så fort som energien og tida strekk til!

Kos deg på plassen din ♥