lørdag 6. november 2010

lampeskjermar av skinkelerret

Denne lampefoten kjøpte eg på Brandal,
når der var bruktbutikkutsal ei jul?
Eg har ikkje funne skjerm,
men no tok eg og sydde ein litt rufsete ein
av skinkelerret frå S&S.
Kanskje eg skal lage ein litt
sidare versjon?
Eg hadde eit "trekk" av mørkegrå lin på denne.
Den heng på vaskeromet.
Einaste problemet var at det vart så mørkt
at vi like gjerne kunne la vere å ha lampe.
Så eg sydde dette i same skinkelerreten.
No vart det iallfall lys der inne.
Skjelettet hang i huset då vi kjøpte det,
men det var eit oransj stoff på det.
Eigentleg kult,
men litt oppbrukt.

Ingen kommentarer: