lørdag 9. april 2011

I dag har eg haldt på med eit nytt prosjekt på stova.
Eg fekk ein gammal sjenk av ei på jobben,
og har mala og styrt litt med den i dag.

Her er beslaga som fylgde med,
det mangla eitt.
Eg har kjøpt ein glasknott på
Bella Blå til å ha på den siste døra.

Her står sjenken midt på stovegolvet,
og minstemann fann ut at den passa veldig
godt til hytte.
Mikke Mus fekk hybel i eine delen ser vi.
Ein flott sjenk, i ein grøn farge,
ikkje så lys som det ser ut på dette biletet.
No er den mala med Sens maling,
den tørka medan eg haldt på.
Eg må berre få vekk litt maling frå
glasa og spegelen, så er sjenken klar.
Inni har eg ikkje gjort noko enno,
eg får sjå om ideen min med tapet inni held seg.
Eg måtte til med litt ommøblering,
og tenkte å ta bilete av både sjenken og litt anna
i morgon i dagslys.

3 kommentarer:

Carmen sa...

kjempefint skap , minner meg litt om det bestemor hadde i stova si

Mette, FjellroMantikk ♥ sa...

Ååå, for ein skjønn skjenk Hege!!!
Og DEI flotte beslaga:)
Likte so godt vindua i dørene;)
Kos deg med make over.

Klem Mette.

Hege sa...

Ja, flott skap, og fine beslag.
Og eg tok å mala over heile greia.

Sikkert ikkje alle som er einige i det grepet, men so er det min sjenk og eg kan bestemme, heldigvis!