søndag 25. januar 2015

Dukke- mest til pynt

Dette er fyrste utkastet til noko eg har hatt lyst til å prøve på i lengre tid.
Eg har eit "skjelett" av metallstreng innerst og så vatt.
Eg sydde saman bein og kropp på maskin, det same med armar og kropp.
Resten sydde eg saman for hand, med synlege sting.
Kjolen er sydd av eit restestoff og jakka er strikka av restetråd. 
Eg har allereie starta på nr 2, så får vi sjå korleis den vert!

Ingen kommentarer: